I eit vanleg år blir kommunale avgifter og eigedomsskatt betalt i fire terminar med likt beløp.
Eigedomsskatten gjeld bustadeigedomar, fritidsbustadar, garasjar, naust, løer og liknande og jordeigedomar. I Sande vert det også eigedomsskatt på næringseigedomar. Skattesatsen er i år på 1 promille av eigedomsverdien. Sjå kor mykje du skal betale i eigedomsskatt her.
Faktura og betaling
Som privatperson vil du få fakturaen som eFaktura viss du har slått på innstillinga “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Har du ikkje eFaktura, får du fakturaen i di digitale postkasse (Digipost eller e-Boks) eller i Altinn.
Organisasjonar som brukar EHF-faktura, finn fakturaen i rekneskapssystemet sitt. Har de ikkje EHF, får de fakturaen i Digipost eller Altinn.
Les meir om faktura og betaling for eigedomsskatt her
Betalingsutsetting
Du kan etter nokre reglar søke om betalingsutsetting på fakturaen dersom den er for stor og du har vanskar med å betale. Det må du gjere før forfall på fakturaen. Les meir på sida om faktura og betalingsutsetting.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.