Er det fleire eigarar, eller har det vore eigarskifte, må de sjølve bli einige om korleis de deler rekninga. Kommunen sender faktura til den som er registrert som eigar når fakturaen blir sendt ut.
Privatpersonar
Du får automatisk eFaktura viss du har slått på innstillinga “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Vi sender også purringar som eFaktura. Har du spørsmål om dette, må du kontakte banken din.
Fakturaen er òg synleg i Vipps dersom du har godkjent dette i Vipps-innstillingane.
Har du ikkje eFaktura, får du fakturaen i di digitale postkasse (Digipost eller e-Boks) eller i Altinn.
Dersom du ønskjer å få eFaktura framover, må du velje “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Då får du eFaktura frå og med neste termin.
Ved spørsmål, kontakt banken din.
Avtalegiro
Har du Avtalegiro, blir terminbeløpet trekt automatisk frå kontoen din. Du må sjølv opprette Avtalegiro i nettbanken. Hugs å setje ei beløpsgrense som er høg nok.
Har du eFaktura, må du i tillegg ha Avtalegiro for at beløpet skal trekkjast automatisk.
Du kan alltid sjå fakturaene dine i nettbanken.
Organisasjonar
Brukar du EHF-faktura, finn du fakturaen i reknskapssystemet ditt.
Har du ikkje EHF, får du fakturaen i Digipost eller Altinn.
For å opne fakturaen i Digipost, må du ha rolla “Administrator” eller “Dokumentbehandlar”.
For å opne fakturaen i Altinn, må du ha rolla “Post/arkiv” eller “Kommunale tenester”.
Dagleg leiar og styreleiar får automatisk rollene “Kommunale tenester” og “Post/arkiv” i Altinn. Dei kan også gi desse rollene vidare til andre.
Treng du hjelp til å endre roller, kan du kontakte brukartenesta til Altinn.
Terminar for kommunale avgifter og eigedomsskatt
Har du solgt eigedomen?
Vi sender faktura til den som står som eigar (fakturamottakar) på tidspunktet fakturaen blir sendt.
Dersom eigedomen har fått ny eigar, må kjøpar og seljar sjølve avtale korleis fakturaen skal delast eller betalast.
Ta kontakt med eigedomsmeklaren dersom de har spørsmål.
Eigedomsskatt
Alle som skal betale eigedomsskatt, får ein eigedomsskattesetel før 1.juli i skatteåret.
Merk at eigedomsskattesetelen ikkje er ein faktura. Fakturaen blir sendt til fakturamottakar .
Du får eigedomsskatt og kommunale avgifter på same faktura. Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har sendt inn klage.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.