Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ.
Postlistene gjenspeglar inn- og utgåande korrespondanse i kommunen. Alle arkivverdige dokument som kjem til kommune vert journalført. På same måte vert alle dokument som sakshandsamarane skriv og sender ut, journalført.
Vi gjer merksam på at sakshandsaming som skjer i dei ulike fagsystema i Sande kommune ikkje kjem på postlista. Arkiv som omhandlar barn, elevar, pasientar og klientar ligg ikkje ute offentleg. Vi gjer merksam på at det likevel kan stillast krav om å få utlevert postliste der dokumentasjonen i forhold til desse arkivdelane er med.
Ei postliste er ei opplista oversikt over dette, den skal innehalde namnet på saka og dokumentet og det skal kome fram om den er unnateke offentleg innsyn.
Her finn du postlista til Sande kommune.