eDialog

eDialog

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Sande kommune via ein sikker og effektiv kanal. 

For å sende Sande kommune post via eDialog, klikkar du her.

Vi har avdelingar som også har teke i bruk eDialog. For å sende direkte til avdelingane brukar du direktelenke:

Logg inn i eDialog til Sande PPT. 

Tenesta krev sikker identifisering, som for eksempel bankID, bankID på mobil, bankID på app, MinID, med fleire

Bruk av tenesta gjev mange fordelar

  • Data vert kryptert
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Dokument vert sendt elektronisk og motteke direkte i kommunen sitt system
  • Vi sparer tid og pengar på postgang, porto og registering

Tenesta krev sikker identifisering, som for eksempel bankID, bankID på mobil, bankID på app, MinID, med fleire.

Når kan eg nytte eDialog?

  • når du sender post med konfidensielle opplysningar
  • når du sender dokument til eksisterande sak

Nyttig å vite når du fyller ut eDialog-skjema

  • Beskriv kva sendinga handlar om i tittelen. Har du allereie eit saksnummer frå Sande kommune skriv du dette i tittelen.
  • Din kommentar vert lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga.
  • Vurder om sendinga inneheld følsomme personlege opplysningar.
  • Last opp nødvendige vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesaren din. Denne vert også sendt til epostadressa di med referansenummer for sendinga.

 

Du kan svare Sande kommune via eDialog

Om Sande kommune har sendt deg eit brev via Altinn/eBoks/Digipost vil du i sendinga sjå ein lenke til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen". Der kan du fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret vert sendt direkte til sak og arkivsystemet til Sande kommune.

 

Tilgjengelegheiterklæringa for eDialog finn du her. 

Har du problem med å lese teksten eller har andre tilbakemeldingar på bruken av kontaktskjemaet for eDialog send ein epost til brukarstøtta for KS Fiks.