Søke og ta imot barnehageplassTreng du barnehageplass kan du søkje gjennom heile året.Hovedopptaket for plass til hausten vert gjort på vårparten med søknadsfrist 1.mars. Du kan søkje plass i søknadsportalen til Vigilo.Når det er tildelt plass, kan alle endringar gjerast via foreldreportalen til Vigilo. Generell informasjon rundt barnehageplass I Sande kommune er det 5 barnehagar, ein barnehage i kvar krins. Hovedopptaket for plass til hausten vert gjort på vårparten med søknadsfrist 1.mars. Opptaket vert gjort i samsvar med Vedtektene for dei kommunale barnehagane(PDF, 672 kB) og barnehagelova. Også dei som vil utvide plassen sin må søkje. Opptaket tek omsyn til alle definerte kriterier i § 9 i vedtektene. Nytt barnehageår startar 2. veka i august. Etter opptak får du tilsendt eit velkomstbrev frå den barnehagen du har fått plass. Oppseiingstida for plassen er 1mnd. Dersom ein seier opp plassen med datering etter 1. april, må ein betale ut barnehageåret. Same regel gjeld for oppseiing av deler av plassen. Dersom ein ikkje betalar for plassen, kan plassen bli oppsagt. Kven kan søkje? § 16 Rett til plass i barnehage - Lov om barnehagar Kva kostar det? Betalingssatsar barnehage frå 01.08.24 Nasjonale satsar Betalingssatsar barnehage frå 01.08.24 100 % 80% plass 60 % plass Ekstra dag For sein henting pr påbegynt halvtime 1500 1200 900 258 134 Mat 100 % plass Mat 80 % plass Mat 60 % plass 450 360 270 Syskjenmoderasjon er:30 % for 2. barnGratis for 3. barnKroner 1500 pr mnd er den nasjonale maksprisen for barnehageplass ( i utvalde kommuner ).Betaling for 11 mnd pr år.Gebyrliste - Pris Barnehage Når får eg svar? Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Ved søknadar utanom hovedopptak vil du få eit svar innan 3 veker. Ved hovedopptak går det normalt 4 veker før du får svar. Svare på om vi tek imot barnehageplassen Foreldre må gi melding om ein takkar ja til plassen ein har fått tildelt. Den som har fått tildelt plass, har 10 dagar svarfrist til å takke ja til barnehageplassen. Tildelinga gjeld fram til skulestart, eller til plassen vert sagt opp etter dei retningslinene som er gitt i vedtektene. Vi tek atterhald om endringar i prisar, tilbod og vedtekter. Vi gjer merksam på at søkjarar som ikkje har fått plass i den barnehagen dei hadde som førsteval, kan stå på venteliste her, sjølv om dei er tildelt plass i ein annan barnehage. Vi gjer merksam på klageretten de har med bakgrunn i Barnehagelova: "Søkjar kan klage over avslag på søknad og dersom han ikkje har fått verken 1. eller 2. ynskje oppfylt". Klagefristen er 3 veker etter at de har motteke svarbrevet. Redusert foreldrebetaling for barnehageplass I samsvar med forskrift for foreldrebetaling i barnehage, kan du søkje om redusert betalingssats dersom den samla inntekta til hushaldninga ikkje overstig kr 533 500,- Les meir her. Publisert 14.09.2018 11:04 Sist endra 02.09.2024 13:30