Vigilo fagsystem for barnehage, skule og SFO

Vigilo fagsystem for barnehage, skule og SFO

Illustrasjon: Vigilo

Vigilo: Kommuniser med skule, barnehage og SFO

Kort fortalt:

  • Vi har tatt i bruk løysinga Vigilo til å administrere barnehagar, skular og SFO.
  • Den digitale kommunikasjonen mellom foreldre/føresette og dei kommunale barnehagane/skulane vil skje i Vigilo (med app eller nettlesar).
  • Vigilo har ei lukka løysing som sikrar personvernet, er trygg og effektiv og samlar kommunikasjonen på ein stad. Vigilo erstattar ranselpost, e-post og SMS.

 

Gå videre til Foreldreportalen til Vigilo

 

Vigilo

Korleis kome i gang som forelder/føresett

Du har tilgang til kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo app.

Du kan bruke Vigilo på to måtar:

  • På telefon kan du skaffe deg appen Vigilo. 
  • På PC eller nettbrett kan du logge deg inn i foreldreportalen til Vigilo i ein nettlesar.

Foreldreportalen Vigilo (PC eller nettbrett)

Du loggar deg inn i Vigilo foreldreportal via ID-porten, på sida https://www.vigilo.no/sande/.

(Det er også mogleg å bruke foreldreportalen i ein nettlesar på smarttelefon, men der er det enklare å bruke Vigilo-appen.)  Sjå også hjelpeartikkel for innlogging i foreldreportalen i Vigilo hjelpesenter.

Appen Vigilo

Vigilo app er eit alternativ til foreldreportalen på nett. Du lastar ned appen gratis på App Store (iOS), Google Play (Android) eller App Gallery (HarmonyOS).

Første gongen du loggar deg inn gjer du det via ID-porten. Du må då opprette ei firesifra PIN-kode som du skal bruke når du loggar deg inn neste gong. Alternativt kan du aktivere ansiktsgjenkjenning. Sjå også hjelpeartikkel om nedlasting og innlogging i Vigilo app i Vigilo hjelpesenter.

Kva er Vigilo?

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.

Digital kommunikasjon

Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak innlogging, og erstattar mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost. Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).

Korleis ser Vigilo ut?

Tilsette, elevar og føresette har ulike portalar der relevant informasjon vert tilgjengeleg. Tilsette har berre tilgang til informasjon om barn dei er tildelt (for eksempel undervisningsgruppe, avdeling i barnehage og liknande). Føresette kan logge inn i nettportal eller bruke app for å sjå informasjon om eigne barn i barnehage, SFO og grunnskule.

Vigilo hjelpesenter er ei god kjelde til meir informasjon om korleis systemet ser ut og fungerer.

Behandling av personopplysningar

Sande kommune samlar inn og behandlar personopplysningar som vi treng for å utføre lovpålagde oppgåver knytt til opplæringslova.

Vigilo hentar opplysningar om barn i Sande kommune og deira føresette, i tillegg til opplysningar knytt til barn som har barnehage-/skuleplass i Sande kommune.

Opplysningane vert henta frå Folkeregisteret (FREG) og frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Dette inkluderer opplysningar som namn, fødselsnummer, e-postadresse, familierelasjonar og bustadadresse. I tillegg behandlar kommunen opplysningar som vert registrert av tilsette ved barnehage/skulen og SFO. Kontakt- og reservasjonsregisteret er ei fellesløysing som alle offentlege verksemder skal bruke.

Du kan sjølv endre opplysningar i folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Verken skulen eller kommunen sentralt kan gjer dette for deg

Kva rettar har du?

Når personopplysningane om deg vert samla inn og brukt, har du ei rekke rettar etter personopplysningslova og personvernforordninga.

Innsyn i personopplysningar (personvernforordninga artikkel 15)

Når kommunen behandlar personopplysningar om deg, har du rett til å vite kva opplysningar som vert behandla, kva opplysningane vert brukt til og kor lenge dei vert lagra.

Retting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 16)

Dersom opplysningane kommunen har om deg er feil, har du rett til å få korrigert dei. Det gjeld også dersom kommunen ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Sletting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 17)

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Dersom du meiner kommunen behandlar informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen vert sletta. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast etter anna lovverk, for eksempel arkivlova.

Avgrensa behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 18)

I visse tilfelle kan du kreve at behandlinga av personopplysningar vert avgrensa. Dette kan for eksempel skje om du meiner at personopplysningane dine ikkje er rett, og at det vil ta tid for kommunen å vurdere dette.

Protest mot behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 21)

Du kan protestere på at kommunen behandlar opplysningar om deg. Retten gjeld ikkje dersom kommunen er pålagt gjennom lov å behandle opplysningane.

Du kan lese meir om rettane dine og korleis du kan utøve desse rettane i personvernerklæringa til Sande kommune.

Klage

Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med korleis kommunen behandlar personopplysningane dine, eller du meiner behandlinga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram for å klage finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontakt

Ta kontakt med barnehagen eller skulen om du har spørsmål om Vigilo.

Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter.