Elektronisk post frå Sande kommune

Elektronisk post frå Sande kommune

Frå våren 2017 gjekk Sande kommune over til å sende mest mogeleg post elektronisk frå kommunen.

Dette betyr at du vil motta posten din frå kommunen i Altinn.no, E-boks eller Digipost dersom  du ikkje har reservert deg mot digital kommunikasjon.

Når du har registrert e-postadresse og mobilnummer i samband med innlogging til offentlege tenester på nett, til dømes i samband med mottak av skatteoppgjer, har du automatisk godkjent digital kommunikasjon med det offentlege.

Brev som ikkje vert lest i Altinn /Digipost/ E-boks  innan to dagar går vidare til sentral utskriftsleverandør. Du vil då motta brevet frå kommunen i vanleg umerka konvolutt. 

Vil du vite meir?

Meir informasjon om korleis oppdatere kontaktinformasjonen din, og eventuelt reservere deg, finn du på Norge.no

Bedrifter og lag/organisasjonar med organisasjonsnummer har ikkje høve til å reservere seg. Desse vil automatisk få all post via Altinn.no 

Kvifor gjer vi dette?

Sande kommune ønsker å ha ein meir miljøbevisst kommunikasjon med våre innbyggarar og med næringsliv. Ved å sende ut brev digitalt vil vi spare miljøet for unødvendig papirbruk. Opnar du posten din digitalt i tide, er du også med på å spare regnskogen og miljøet elles.