Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt

Informasjon om redusert foreldrebetaling.

Ingen hushald skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein SFO plass for barn på 1.-4. årstrinn. 

I forskrifta står det i §1B-1 Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. - 4. årstrinn:

«Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skulefritidsordninga på 1. og 4. årstrinn slik at den pr. elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Sjå veiledar for informasjon om kven som omfattast av ordninga og korleis kommuna skal behandle søknader om moderasjon her: Moderasjonsordninger i skolefritidsordningen (SFO) | udir.no

Ein kan søke heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.

Føresette må sende ny søknad for kvart skuleår, med ny dokumentasjon for inntekt. Legg ved sjølvmelding. Dersom det har skjedd endringar i inntekt etter siste sjølvmelding, må du leggje ved dokumentasjon om dette.

Betaling for kost kjem i tillegg.

Søknad om redusert foreldrebetaling, skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i. 

For utfyllande informasjon:

https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Leksehjelp/veileder-om-moderasjonsordninger-i-sfo/

 

Du kan søke i foreldreportalen til Vigilo

Les meir om Vigilo her. 

 

Søknaden

Ein kan søkje heile året. Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter at søknad med nødvendig dokumentasjon er registrert.  Søknaden skal sendast inn via søknadsskjema på heimesida til kommunen.  Det er kommunen der barnet er folkeregistrert, som skal handsame søknaden. Føresette må sende ny søknad kvart skuleår, med ny dokumentasjon av inntekt. 

Krav til dokumentasjon

Siste skattemelding må leggast ved søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram, kan søkjar legge fram anna gyldig dokumentasjon som t.d.:

  • Vedtak frå NAV
  • Dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser vesentlig endring i lønn
  • Siste lønnsslipp

NB! Det er viktig at all skattbar inntekt er med. Søknaden vert ikkje handsama før dokumentasjon på lønn/ inntekt ligg føre.

Handsaming og kontroll av søknaden

Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formue- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet for det siste året, jf. skatteforvaltningsforskriften § 3-3-1 andre ledd bokstav a. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile den tida søknaden gjeld.

Med hushald meiner ein i dette kapittelet ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein i dette kapittelet hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.