Pris og moderasjonFrå 01.08.23 gjeld desse plasstypane og prisane for skulefritidsordninga i Sande kommune: Moderasjonsordningar i SFODet er fastsett tre moderasjonsordningar i SFO:Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for hushaldningar med elevar på 1.–4. trinn. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.Gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5.–7. trinn12 timer gratis SFO for elevar på 1. og 2. trinn Syskenmoderasjon Syskenmoderasjon gjeld for plass i SFO i Sande kommune. Syskenmoderasjon vert gitt etter følgjande fordeling: • for barn nummer to: 30 % • for barn nummer tre: 50 % Det vert ikkje gitt syskenmoderasjon mellom barnehage og SFO. Redusert foreldrebetaling for husstandar med lav inntekt Les meir om redusert foreldrebetaling. Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5. – 7. årstrinn Kommunane skal ha eit tilbod om SFO for barn med særskilte behov på 1.–7. trinn. Tilbodet på 5.–7. trinn skal vere gratis. Dette følger av § 1B-3.Foreldra til barn med særskilte behov vil også kunne vere omfatta av moderasjonsordninga om reduksjon i foreldrebetalinga ved lav inntekt på 1.–4. trinn. For utfyllande informasjon:https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/Leksehjelp/veileder-om-moderasjonsordninger-i-sfo/ Gratis kjernetid inntil 12 timar per veke for elevar på 1. og 2. trinn med plass i SFO Elevar på 1. og 2. årstrinn får frå august 2023 inntil 12 timar gratis SFO. Skulefritidsordning - 2024 Opphaldstid Pris pr mnd Syskenmoderasjon 30% Syskenmoderasjon 50% Matpengar Diverse inntil 8 t/ v 1240 868 620 120 inntil 12 t/ v 1860 1302 930 180 inntil 15 t / v 2320 1624 1160 225 inntil 20 t / v 3100 2170 1550 300 Timepris 70 kr per time Kjøp av ekstra dag 200 kr for dag Publisert 07.08.2018 14:05 Sist endra 14.02.2024 15:36