Kaia i Gjerdsvika tek form

Kaia i Gjerdsvika tek form

Bygging av kai i Gjerdsvika Sande kommune

Den nye kaia i Gjerdsvika tek form. 

Kai - prosjektet skal vere ferdig i løpet av august /september i år. Kaidekket blir støypt i slutten av juli eller starten av august. Heile prosjektet er kostnadsrekna til ca 24 millionar  kroner eks.mva. Fram til no ligg ein innanfor ramma for prosjektet. 

Grunnarbeid og tilstelling på landdelen samt asfaltering, straumtilførsel, vatn og veglys er med i prosjektet. 

  • Totalentreprenør: A Våge AS
  • Grunnarbeid: Aurvoll og Furesund AS
  • Elektro: Tussa installasjon AS
  • Gatelys: Eviny AS

Når prosjektet er klart, blir dette eit viktig tilskot til kaianlegga i Sande kommune.