Fødselstalet i Sande går opp

Fødselstalet i Sande går opp

Barnefot Pixabay  Ja, no peikar pilen oppover.

Sande helsestasjon  opplyser om at det hittil i år er fødde 20 barn, og at det er venta rundt 30 fødslar tilsaman i år.

I 2017 hadde vi eit fødselstal på 29 barn, medan det dei andre siste åra har vore mellom 15 og 25 barn fødde pr år.

-Vi håper trenden held fram og at både sandssokningar og andre ser at det er fint å bu i Sande -  både for gamle og unge, kommenterer ordførar Olav Myklebust, når vi presenterer tala for han.

-Når det gjeld nyetableringar i kommunen ser vi at dersom nokre unge familier vel å busette seg i ei bygd, fyl gjerne fleire på.

-I tillegg har vi eit blomstrande næringsliv som kan tilby gode og stabile arbeidsplassar - det er eit godt grunnlag å bygge på for dei som vil bu og leve i Sande, avsluttar ordføraren.

Les meir om Sande og folketal her.