Fakta om Sande
Sande er ein liten kommune heilt sør i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt regionen søre Sunnmøre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og Ørsta/Volda.
Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Stad kommune. Her finn du innbyggjartalet i Sande kommune. I Sande bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.
Meir enn halvparten av kommunen sine innbyggjarar bur i bygdene Larsnes og Gursken, medan resten bur i Gjerdsvika og på øyane Kvamsøy og Sandsøy. Larsnes er kommunesenteret.
Folketal i krinsane pr februar
Næringslivet i Sande
Sande har eit aktivt næringsliv, og er ei av få kommunar i fylket med meir enn 100 % arbeidsplassdekning. Bedriftene er i stor grad knytt til den maritime næringa.
Sjå meir frå kommunen og næringslivet i Sandefilmen.
Kong Arthur-spelet - Kongsvollen
Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist nesten kvar sommar med stor suksess.
På tur i Sande
I Sande finn du mange fine turmål som du kan nå til fots, på sykkel eller ved å bruke båt.
I alle bygdelag er det merka gode turløyper med ulik lengde og utfordringar. På www.morotur.no finn du mange gode forslag. I tillegg kan du finne karttavler og kjekke sandssokningar som gjerne gir deg gode tips om turar og aktivitetar i området.
Du kan klatre på Kvamsøya og padle frå badestranda på Larsnes, ta ekstremturen frå Hidsneset til Hidseggja, rundturen Arskotet - Haugshornet - Gjøna, besøke "Kåken" i Oksavika eller vandre deg ein tur i Larsnesfjella.
Eller vil du sykle ein tur på Sandsøya?
Overnatting
På Sandsøya finn du Rosenlund hamn og hotell. Her finn du også båtplass og bubilparkering.
Elles finn du overnattingsplassar på https://www.airbnb.no/s/Sande
Bubil-parkering på Sandsøya og i Haugsbygda.
I kvar bygd er det gjesteplassar for båtar.
På visitalesund.no kan du finne fleire opplysningar.
Kommunevåpenet til Sande

Kommunevåpenet for Sande kommune syner ei linebøye i sølv på blå botn. Våpenet symboliserer fiske, som ein har lange tradisjonar for i Sande. Kommunevåpenet vart godkjent i 1987. Det er Jarle Skuseth som har designa kommunevåpenet. Ideen til motiv var det Helge Kragseth som hadde.
Ordførarar i Sande
Sande var felles kommune med Herøy (inkludert Sande og Rovde anneks) frå formannskapslovene kom i 1837. Sande (med Rovde som anneks) vart utskilt frå Herøy i 1867. Rovde vart utskilt frå Sande 1905, og var eigen kommune til 1964. Åram vart utskilt frå Sande 2002.
Her finn du oversikt på ordførarar i Sande gjennom tidene. (PDF, 232 kB)