Den nye ergoterapeuten - Rebecca Høydalsvik - er på plass

Den nye ergoterapeuten - Rebecca Høydalsvik - er på plass


Privat  Rebecca er tilsett i 100 % stilling, og skal i stillinga arbeide med ergoterapi, velferdsteknologi og saksbehandling. 

Rebecca Høydalsvik er utdanna ergoterapeut frå 2015 og har mastergrad i folkehelse frå 2021.  Rebecca bur i Ulsteinvik og har tidlegare vore tilsett som ergoterapeut i Ulstein kommune.
Som ergoterapeut er målet å tilrettelegge for aktivitet og deltaking for alle.

- Eg gleder meg til fortsettelsen her i Sande. Eg har vorte godt motteken og har gjort meg kjend med dei ulike tenestene i organisasjonen. «Eg håper å kunne vere  lett tilgjengeleg for alle innbyggarane som treng råd og tips, kartlegging eller tilrettelegging for å få ein god kvardag", seier den blide dama som no er Sande sin nye ergoterapeut. - "Det er berre å ta kontakt!"

I Sande kommune har det ikkje vore ergoterapeut sidan 2004/ 2005.

Vi ynskjer lukke til i arbeidet! 

Kontakt

Rebecca Høydalsvik
autorisert ergoterapeut
E-post
Mobil 48 19 50 90