Sentralt i ergoterapi er aktivitet og deltaking for alle. Ergoterpeuten arbeidar saman med deg for å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom kvardagen sine krav og din funksjon.
Kven kan få tenesta?
Alle innbyggjarane i Sande kommune som har behov for tenesta får dette. Tenesta er for deg som grunna sjukdom, skade eller andre årsaker har fått redusert funksjonsevne som gjer det vanskeleg å utføre daglege gjeremål. Her er nokre døme på kva ergoterapi kan vere:
- Førebyggande tiltak
- Tverrfaglig habilitering og rehabilitering
- Rettleiing, informasjon og undervisning
- Formidle og tilpasse tekniske hjelpemiddel som kan kompensere for tapt funksjon
- Kartlegge funksjonar og tilpasse aktivitetar
- Legge til rette fysiske omgjevnader i heim, skule, barnehage
- Trening av daglege gjeremål
- Delta i ansvarsgrupper i tverrfaglige team
- Gje uttale om trygdefinansierte tiltak og utbetringstilskot til bustad
- Universell utforming
Slik får du tenesta:
Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeuten eller be om tilvising vidare frå andre tenester.
Kva kostar tenesta?
Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis.
Publisert av Elin Rokstad
Sist endra 30.05.2024 13:09