Standard abonnementsvilkår for vatn og avløpSande kommunestyre vedtok i møte den 11.02.2014 å innføre KS sine standard abonnementsvilkår for vatn og avløp med verknad frå same dato.Abonnementsvilkåra seier noko om det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den enkelte abonnent i samband med tilknyting til offentleg vatn- og avløpsanlegg. Abonnementsvilkåra for Sande kommune består av følgande dokument:KS Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp, tekniske bestemmelser (2008), med særskilde tillegg. Kommuneforlaget AS har på vegne av KS rettigheitene til verket. Sande kommune har derfor ikkje løyve til å distribuere dei tekniske bestemmelsane. Dei tekniske bestemmelsane kan kjøpast ved å kontakte Kommuneforlaget AS.KS Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp, administrative bestemmelser (2008). (PDF, 2 MB) Sande kommune sitt søknadsskjema for ny tilknyting til vatn og avløp / endring av eksisterande tilknytingar. Publisert 17.08.2018 13:27 Sist endra 07.02.2024 11:34