Kriseleiing

Kriseleiing

Kriseleiinga i Sande kommune er samansett av desse personane:

  • Ordførar
  • Kommunedirektør
  • Varaordførar
  • Kommunalsjef teknisk og landbruk 
  • Kommunalsjef oppvekst og kultur 
  • Kommunalsjef helse og omsorg 
  • Beredskapsmedarbeidar
  • Politistasjonssjef
  • Kommunikasjonsarbeidar
     

Dersom nokon av medlemene i kriseleiinga blir merksam på ei hending - eller noko som kan hende - og som denne meiner kan krevje handling frå kommunen, har kvar einskild medlem rett og plikt til å kalle saman kriseleiinga. 

Kriseleiinga kan kallast inn/varslast på ulike vis – der det mest vanlege vil vere telefon. Kontaktinfo går fram av varslingslister. 

Alt etter omfanget av hendinga avgjer kriseleiinga om andre skal kallast inn som rådgjevarar. Kriseleiinga avgjer og om det skal søkjast hjelp frå nabokommunar, Sivilforsvaret, Heimevernet, frivillige hjelpeorganisasjonar eller andre. 

NB: Dersom lokal redningssentral (heretter LRS) er etablert, må bruk av desse organisasjonane avtalast med LRS!

 

Kriseleiinga sine oppgåver

Ved ei krise vil hovudoppgåvene til kriseleiinga vere:

  • Innhente opplysningar om situasjonen i kommunen
  • Treffe vedtak om tiltak for å hindre/redusere skader på personar, miljø og materielle verdiar
  • Prioritere kommunale ressursar
  • Halde kontakt med lokal redningssentral/politi (LRS), eventuell skadestad- leiing
  • Utarbeide og sende ut informasjon til innbyggjarane, media og tilsette
  • Rapportere om situasjonen i kommunen til fylkesmannen
  • Sette i verk evakuering av personar ved behov (avklarast med politiet)
  • Innkvartere og ta hand om berørte personar
  • Rekvirere omsorgsberedskapsgruppe når situasjonen krev det
  • Ved større hendingar utvide omsorgsberedskapsgruppa
  • Forpleining
  • Bevertning av redningsmannskap og anna fagpersonell

 

Kommunen nytter dataprogrammet Rayvn ved handtering av kriser. Kontaktinformasjon til samarbeidsparter og utstyr ligg inne i denne programvaren.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
assisterande kommunedirektør