Skal du starte eller overta ein serveringsstad der det skal skjenkast alkoholhaldig drikk, må du søkje om skjenkeløyve. Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol.
For å få skjenkeløyve må du ha eit serveringsløyve, eller søkje om serverings- og skjenkeløyve i lag. Har du serveringsløyve og skjenkeløyve i tillegg, må du søke om skjenkeløyve.
Alle søknadane vert handsama etter alkohollova, samt Sande kommune sin alkoholpolitiske handlingsplan 2024-2028 (PDF, 327 kB).
Krav til den som søkjer
Det firmaet som har det økonomiske ansvaret for skjenkinga kan søke om løyve. Dersom eit einmannsføretak har ansvaret, er det eigar som som søkjer om løyve.
Løyvehavar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til blant anna alkohollovgjevinga og skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga.
For løyvet skal det utpeikast ein styrar og ein vara for styrar.
Desse må:
- Ha fylt 20 år og vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
- Ha uklanderleg vandel
- Dokumentere bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve
Korleis søkje?
Du søkjer på elektronisk skjema for skjenkeløyve her.
Dette må du legge ved søknaden:
- Firmaattest for alle selskap involverte i drifta. Attestane skal ikkje vere eldre enn 2 månadar
- Aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisor si stadfesting på eigarandel oppgitt i prosent
- Attest for skatt og meirverdiavgift
- Dokumentasjon på at styrar og vara for styrar er tilsett i bedrifta
- Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve for styrar og stedfortredar
- Dersom søkar allereie har eit serveringsløyve, dokumentasjon på det
- Skildring av serveringsstad
- Målsett teikning av lokalet, med avmerka skjenkeområde
- Leigekontrakt
- Bruksløyve
- Rutinar for internkontroll
Dersom du ikkje får sendt alle vedlegg digitalt, kan du ettersende per post eller e-post. Sakshandsamingstida tek til å gå når søknaden ligg føre komplett.
Saksgang
Det tek ca 3 mnd å handsama eit fast skjenkeløyve. Søknaden vert sendt til høyring til politet, før den vert politisk handsama av kommunestyret.
Behandlingstida kan verte lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller om du gjer endringar undervegs i søknadsprosessen.
Omsetningsoppgåver
Løyvehavar pliktar å sende inn oversikt over omsetningsoppgåver innan 1. mars påfølgande år. Det kan du gjere her.
Avgifta vert utrekna utifrå innsende omsetningsoppgåver.
Endringar i drifta
Du pliktar å melde frå til kommuna dersom det skjer endringar i eigarforhold, driftskonsept eller funksjon som styrar og/eller vara for styrar for skjenkeløyvet. Elektronisk skjema for å melde inn endringar.