Lege/ sjukehus:
Bu- og habilitering: Avdelingsleiar har ansvar for bestilling og å fylgje opp legetimar og faste kontrollar. Tenesta legg til rette for fylgje så langt råd er, men er ikkje ei rettigheit.
Sjukeheim: Dei som har langtids- eller korttidsopphald har tilsynslege som er til stades 1-2 gongar per veke. Tilsynsdagen er torsdagar. Eventuell innlegging på sjukehus vert avklara med lege og pasienten har ikkje krav på fylgje.
Omsorgsbustadar: Dersom pasienten ynsker kontakt med lege, må time bestillast i samråd med pårørande. Heimetenesta har ikkje høve til å stille med fylgje til lege eller sjukehustimar.
Fysioterapi:
Det er 3 fysioterapeutar på Sandetun omsorgssenter, to kommunale og ein privat. Det er ikkje nødvendig med henvisning frå lege. Ein kan ta direkte kontakt med fysioterapeut.
Tannlege:
Bu- og habilitering: Nærgruppa fyl opp tannhelsa.
Sjukeheim: Tannpleiar er på ei runde årleg på sjukeheim og dei som treng det vert henvist til tannlege av tannpleiar. Dei som ynsker å nytte sin private tannlege må sjølv bestille time og kome seg dit på eiga hand eller ved hjelp av pårørande.
Omsorgsbustad i heimetenesta: Pasienten bestiller time sjølv og informerer personalet på avdelinga om timen.
Les meir om tannhelse her.
Frisør:
Frisør er i 1.etg på Sandetun omsorgssenter annan kvar fredag. Bestill time direkte og informer personalet på avdelinga om timen, slik at dei er merksame på det. Dersom du ønskjer en fast avtale, avtal dette med frisør.
Fotpleie:
Fotpleiar er i 1. etg på Sandetun omsorgssenter onsdagar. Bestill time direkte og informer personalet på avdelinga om timen, slik at dei er merksame på det. Dersom du ønsker en fast avtale, avtal dette med fotpleier.
Verdisaker:
Vi rådar deg til å ikkje ha liggande store pengesummar eller mykje verdisaker på rommet eller i leilegheiter. Det anbefalast ein beløpsgrense på 200 kronar då det meste på omsorgssenteret er gratis å delta på. Oppbevaring skjer på eige ansvar.
Hygieneartikler:
På sjukeheimen får pasientane det meste av hygieneartiklar, andre må i hovudsak ordne dette sjølve.
Vask av kle:
Haugetun, Elvebakken og Elverom: Den enkelte bebuar må ha vaskemaskin i leilegheita og vaskar/ får hjelp til å vaske klede der. Dersom pårørande ønskjer å stå for all/ delar av klesvasken i eigen heim er dette sjølvsagt fullt mogleg.
Sørhagen: Kleda dine vert i hovudsak vaska den dagen du har dusjedag. Vi nyttar felles vaskemaskin på skyljerommet, men vaskar ikkje kleda dine ilag med andre bebuarar sine kle. Alle pasientrom skal ha eige tørkestativ på badet. Dersom pårørande ønskjer å stå for all/ delar av klesvasken i eigen heim er dette sjølvsagt fullt mogleg.
Kle/merking av kle inne på omsorgssenteret:
Merkelappar til merking av kle kan bestillast på ulike nettbutikkar. Merk alle klede så raskt som råd. Pasient/ pårørande har ansvar for dette.
Måltid omsorgssenteret:
Frukost: kl. 09.00 - 10.00.
Lunsj: kl. 12.00 - 13.00.
Middag: kl. 15.30
Kvelds: kl. 19.00 - 20.00.
Alle måltid vert servert på fellesstova. Ved individuelle behov, kan anna avtalast.
Rapport på omsorgssenteret:
Ved rapport er det ynskeleg at personalet, så langt det let seg gjere, får ro.
Morgon: kl. 07.15 – 08.00.
Ettermiddag: kl. 14.30 – 15.00.
Kveld: kl. 22.00 – 22.30.
Øya:
Øya er open kl. 10.00 - 14.00 på dei dagane det er annonsert på facebook eller avdeling.
Hjelpemiddel:
Kontakt ergoterapeut om spørsmål knytt til ulike hjelpemiddel.
Pasientvarslingssystem:
Dette inkluderer eit veggpanel ved seng og eit armband. Desse kan du bruke ved behov for å tilkalle personalet. Personalet har alltid på seg telefon som mottek alarmar frå brukarane som bur på omsorgssenteret.
Velferdsteknologi:
Primærgruppe/nærgruppe har som oppgåve å sjå om ulike typar velferdsteknologi kan vere aktuelt for å gje best mogleg tenester.
TV:
Sandetun omsorgssenter har desse kanalane inkludert i husleiga: NRK 1, NRK 2, TV2, TVNorge, Visjon Norge. Dersom du ønsker kanalar utover dette har du anledning til å sjølv sørgje for montering av parabolantenne eller liknande.
Internett:
Sandetun omsorgssenter har gratis wifi du kan kople deg på. Informasjon heng på fellesareal.
Avis/ blad:
Dersom du ønsker å abonnere på aviser/ blad privat, ordnar du eller dine pårørande dette.
Heimehjelp:
Haugetun: Leilegheitene vert vaska annakvar onsdag, og er ikkje inkludert i husleiga.
Sørhagen: Pasientrom vert vaska kvar veke og er inkludert i husleiga.
Opprydding av rom :
Ved fråflytting av pasientrom av ulike årsaker har pasient/pårørande ansvar for opprydding av pasientrommet. Dersom pårørande ikkje ønsker å vaske ned sjølv, kan ein kjøpe denne tenesta. Betalingssats vert fastsett årleg. Sandetun omsorgssenter tek ikkje imot kle, møblar og liknande som ikkje lenger er i bruk. Dette kan leverast på SSR, Myklebustmyrane tysdagar og torsdagar frå 12-19. Vi oppmodar til kjeldesortering.