For å sikre eit heilskapleg tenestetilbod, har Sande kommune ei ressursgruppe for barn og unge. Ressursgruppa skal bidra til utvikling og samordning av det tverrfaglege arbeidet rundt barn og unge i kommunen.
Kva oppgåve har ressursgruppa?
Ressursgruppa skal støtte tenester og ansvarsgrupper i vurdering av samansette og kompliserte saker.
Ressursgruppa er rådgjevande og vedtak om tenester vert fatta i dei ulike einingane.
Det er utarbeidd eit eige samtykkeskjema som kan brukast når foreldra er einige i at ei sak kan takast opp i ressursgruppa.
Kven er med i ressursgruppa?
Ressursgruppa er samansett av representantar som alle har eit ansvar for barn og unge i kommunen:
-Helsestasjon/skulehelseteneste
-Helsestasjonslege
-Pedagogisk-psykologisk teneste
-Barnevernstenesta
-Representant frå barnehage og skule
-Fysioterapeut
-Koordinerande eining/rus-psykiatriteam
Publisert 01.10.2018 13:03
Sist endra 18.07.2023 04:46