Fysioterapi

Fysioterapi

Fysioterapiavdelinga finn du på Sandetun omsorgssenter. Du går inn på den gamle hovedinngangen og finn fysioterapiavdelinga til venstre når du kjem inn døra. 

Målet med tenesta er at menneske med sjukdom, skade eller lyte kan utvikle, gjenvinne eller halde ved like funksjonsevna, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse. 

Kva kostar tenesta?

Born 0-16 år, yrkesskada og bebuarar på institusjon har rett til gratis fysioterapi. Alle andre betalar eigenandel etter takst opp til frikort. (Link til informasjon om frikortordninga). Fysioterapeutar jobbar med kropp, rørsle og funksjon for å fremje god helse.

Korleis bestille time? 

Ring 48892151 for å bestille time. Om du ikkje får svar, vil dei ringe tilbake.

Kommunalt tilbod

Målgruppa er menneske i alle aldrar og livsfasar. Pasientar som treng fysioterapi, kan ta direkte kontakt med fysioterapitenesta. I tillegg får tenesta tilvising frå ulike instansar som til dømes lege, sjukehus, helsestasjon eller institusjon. 

Tiltak vert iverksett og utført på den arena som er naturleg og til det beste for den enkelte (skular, barnehagar, heimen, institusjonar eller i våre fysioterapilokalar). 

Arbeidsoppgåvene til kommune-fysioterapeutane:

Undersøke, observere, vurdere, setje i gang behandlingstiltak og evaluere

  • Behandle individuelt og i grupper
  • Heimebesøk ved behov
  • Oppfølging av born i skular og barnehagar
  • Samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Fysioterapi til institusjonspasientar, inkludert korttidsavdeling
  • Tverrfagleg samarbeid med andre aktuelle faggrupper
  • Råd og rettleiing
  • Delta aktivt i ansvarsgrupper i tverrfagleg team 
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • Opplæring og fagleg undervisning
  • Førebyggjande og helsefremjande tiltak

 

Tilbodet er  tilgjengelig: måndag-fredag

Gruppetilbod:

 

Kontaktinformasjon:
Kristine Rein
48892151
kristine.rein@sande.kommune.no

Fride Fuglseth
90711916
fride.fuglseth@sande.kommune.no
 

Fysioterapeut med driftsavtale

Det private fysioterapitilbodet rettar seg i hovudsak mot trening av fysiske funksjonar og kurativ behandling. Behandlinga føregår i fysioterapilokalet.

Tiltak:

  • Undersøke, observere, vurdere, setje i gong behandlingstiltak og evaluere
  • Behandle individuelt og i grupper

 

Tilbodet er tilgjengeleg: måndag, onsdag og torsdag

 

Kontaktinformasjon:

Kristian Teigen

97563830

kristian.teigen@gmail.com