
Styrketrening er viktig for god helse og funksjon, og no kan du få hjelp til å kome i gong ved å delta på ei styrkegruppe i regi av kommunefysioterapeutane i Sande.
Endring i regelverk gjer at kvar deltakar må ha vore til individuell undersøking hos fysioterapeut før oppstarten i gruppe. Deretter får du eit individuelt tilpassa treningsprogram, og hjelp og rettleiing undervegs.
Når: Tysdagar, oppstart 1. september 2026
Kven:
- Herregruppe kl. 12.00 - 13.00
- Damegruppe kl. 13.00 - 14.00
Pris: 109,- i eigenandel pr. gong
(144,- i eigenandel for samtale/undersøking før oppstart)
For påmelding: Ring, eller send sms til 48892151 / 90711916
Det blir ny påmelding til kvar tysdag, så ein treng ikkje å vere med kvar gong.
Sande fysioterapi