
«Sterk og stødig» er eit gruppetilbod for seniorar der hovudfokuset er styrke- og balansetrening. Treninga går føre seg sittande på stol, ståande og gåande, med muligheit til å støtte seg på stolryggen.
Treninga vert leia av fysioterapeut, eller kvalifiserte frivillege instruktørar frå Larsnes helselag.
Tilbodet er gratis. Det er inga påmelding.
Treninga er kvar måndag klokka 14.15 - 15.15 i gymsalen ved Larsnes oppvekstsenter. Oppstartsdato er 26.august.
Ved spørsmål, ta kontakt med kommunefysioterapeutane:
Kristine Rein: 48893151
Fride Fuglseth: 90711916
Ein må ha med innesko, drikkeflaske og ha på seg kle som er lette å bevege seg i.
Høyrest dette ut som noko som kan passe for deg?
Då er du hjarteleg velkomen!