Øya aktivitetssenter

Øya aktivitetssenter

Øya er aktivitetssenteret som ligg på Sandetun omsorgssenter . 

Her er det liv og røre  når det er aktivitetar og arrangement.

Øya aktivitetssenter  er samlingstad for bebuarane på Sandetun omsorgssenter, brukarar av pleie og omsorgstenester og for alle andre som vil kome innom å treffe folk eller delta på kjekke aktivitetar.

Du kan følgje med på kva som går føre seg på Øya si  eiga facebook-side. 

Endringar

Etter kommunestyret sitt vedtak  141/ 25  den 9.desember er Øya no eit lågterskel-tilbod der kommunen og det frivillige samarbeidar om aktivitet for innbyggjarane våre. 

Øya er ikkje lenger bemanna slik som tidlegare, men vi har som mål å planlegge aktivitet fortløpande i samråd med Sande-samfunnet. 

Besøksadresse:

Du finn Øya aktivitetssenter rett innanfor hovedinngangen på Sandetun omsorgssenter.

Tlf.:

91301547

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste