Kven kan kome med framlegg til ny reguleringsplan?
Private, tiltakshavarar (bedrifter) og organisasjonar har rett til å kome med framlegg til detaljregulering for konkrete bygge- og anleggstiltak og arealendringar.
Forslag som kjem frå private, må følgje hovedtrekk og rammer som er nedfelt i kommune(del)plan og gjeldande områderegulering.
Før du startar opp eit planarbeid skal planspørsmålet på førehand leggast fram for planmynde i kommunen. Dei kan gi råd om korleis planen bør utarbeidast og kan gi føringar for planarbeidet.
Sjølve reguleringsplan-forslaget skal utarbeidast av fagkyndige.
Søknadsprosess - korleis går ein fram i dette arbeidet?
- Kontakt teknisk eining for å avklare rammer og utfordringar.
- Formannskapet gir i eiga sak løyve til utarbeiding av private reguleringsplanar.
- Forslaget skal kunngjerast i pressa og du må varsle aktuelle offentlege organ om igangsetting av planarbeidet.
- Utarbeiding av reguleringsplan.
- Send saka til førstegongs handsaming i Planutvalet( Formannskapet).
- Planen skal no til offentleg ettersyn, dvs kunngjering i presse og utsending til høyringspartar.
- Etter høyringsfristen skal saka handsamast på nytt i Planutvalet. Dei gjer evt eit vedtak om innstilling til kommunestyret.
- Saka blir etter dette handsama i kommunestyret.
- Når saka er godkjend i kommunestyret, skal vedtaket kunngjerast med eventuell klagefrist.
Kva kostar sakshandsaminga?
Her finn du fullstendig prisliste for 2024.