Har du fått utrekna skatt etter formuesverdien på skattemeldinga di, kan du ikkje klage til Sande kommune.
Dersom du meiner formuesverdien i skattemeldinga di er for høg, må du sende ei endringsmelding til Skatteetaten.
Endre grunnlaget for eigedomsskatten hos Skatteetaten.
Du treng ikkje å gi beskjed til kommunen om at du har endra formuesverdien hos Skatteetaten. Merk at det kan ta litt tid frå du får vedtaket frå Skatteetaten, til kommunen får den nye formuesverdien. Vert formuesverdien endra i 2026 vil dette først påverke eigedomsskatten for 2028.
Klage på eigedomsskatt etter kommunal takst - klagefrist
Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg samanlikna med den antatte marknadsverdien.
Ved andre feil eller spørsmål, ta kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ei klage.
Klagefristen er 6 veker frå skattelista blir offentleggjort eller vedtaket blir sendt ut. For innføringsåret 2026 vert klagefristen utvida til 8 veker.frå den dagen du mottek skattesetelen.
Skjema for klage finn du her.
Klagar du etter fristen, er det eit vilkår at du eller fullmektigen ikkje kan lastast for å ikkje ha overhaldt fristen, eller at det av særlege grunnar er rimeleg at klagen blir prøvd. Du må grunngi kvifor du sender klagen etter fristen.
Klagen kan bli avvist fordi du har klaga for seint.
Les meir om klage på eigedomsskatt her.