Klage på eigedomsskatt

Klage på eigedomsskatt

Eigedomsskattesetelen viser korleis eigedomsskatten din er rekna ut. Meiner du det er feil, kan du klage.

Meiner du formuesverdien er feil?

Vi brukar formuesverdien frå skattemeldinga di for 2024 når vi reknar ut eigedomsskatten for 2026. Det er berre Skatteetaten som kan endre bustadverdien.

Du finn formuesverdien i skattemeldinga for 2024, under temaet “Bustad og eigedelar”, punktet “Bustad og eigedom”. Der står marknadsverdien (bustadverdien) og informasjonen som er brukt til å rekne den ut:

  • bustadtype (leilegheit, småhus, einebustad)
  • byggeår
  • areal (P-rom)

Dersom bustadopplysningane er feil, eller du meiner formuesverdien er for høg samanlikna med marknadsverdien, må du sende endringsmelding til Skatteetaten.

Endre grunnlaget for eigedomsskatten hos Skatteetaten.

Du treng ikkje å gi beskjed til kommunen om at du har endra formuesverdien hos Skatteetaten. Merk at det kan ta litt tid frå du får vedtaket frå Skatteetaten, til kommunen får den nye formuesverdien. Vert formuesverdien endra i 2026 vil dette først påverke eigedomsskatten for 2028.

Burettslag eller sameige

Når kommunen brukar formuesverdi frå Skatteetaten som grunnlag, kjem opplysningane frå skattemeldinga til kvar enkelt andelseigar.

Les meir om korleis du endrar grunnlaget for eigedomsskatt i bustadselskap.

Klage på eigedomsskatt etter kommunal takst - klagefrist

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg samanlikna med den antatte marknadsverdien.

Ved andre feil eller spørsmål, ta kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ei klage.

Klagefristen er 6 veker frå skattelista blir offentleggjort eller vedtaket blir sendt ut. For innføringsåret 2026 vert klagefristen utvida til 8 veker.frå den dagen du mottek skattesetelen.

Skjema for klage finn du her.

Klagar du etter fristen, er det eit vilkår at du eller fullmektigen ikkje kan lastast for å ikkje ha overhaldt fristen, eller at det av særlege grunnar er rimeleg at klagen blir prøvd. Du må grunngi kvifor du sender klagen etter fristen.  

Klagen kan bli avvist fordi du har klaga for seint.

Etter at du har sendt klage

Klagen vert først handsama av sakkunnig nemnd. Dersom klagen ikkje vert imøtekomen vert saka sendt over til klagenemnda for endeleg vedtak.

Vi behandlar klager fortløpande. På grunn av ferieavvikling har kommunen redusert kapasitet i feriemånadane. Du må derfor forvente at det tek litt tid å behandle klagen.

Vi sender eit mellombels svar med informasjon om forventa behandlingstid. Du får melding når klagen er ferdig behandla.

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt

Leiar: Geir Eide
Nestleiar: Margrethe Krogstad Ekroll
Medlem: Vebjørn Strømsnes

Varamedlemmar: Odd Kåre Wiik, Anne Marta Torset, Marthe Longva Strandbakken

Klagenemnd for eigedomsskatt

Leiar: Kaare Helland Worren
Nestleiar: Anne-Lise Johansen
Medlem: Jostein Kvalen

Varamedlemmar:  Vebjørn Torset, Anja Meek Halsebakk, Ann-Lena Vonheim

 

Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har klaga.

Du må betale eigedomsskatten innan fristen, sjølv om du har sendt inn klage.

Får du medhald, betalar kommunen tilbake det du har betalt for mykje.

 

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Ta kontakt på dette skjemaet.