Kommunale bustadtomter

Kommunale bustadtomter

Sande kommune har nokre ledige kommunale tomter som er byggeklare, og nokre private utbyggarar arbeider med planer for klargjering av bustadtomter og bustadar.

Kvar finn eg ledige tomter?

Oppdatert oversikt på kommunale tomter, finn du på  www.sunnmørskart.no

(Vel kartgrunnlag til venstre på sida og kryss av for sal av tomter på høgre sida).

Under finn du også oversikt på dei ulike byggefelta

 

Når det gjeld Storehaugen bustadfelt er det inngått opsjonsavtalar på ein god del tomter. Dersom nokon ønsker å kjøpe tomt med inngått opsjonsavtale på, vil den som har opsjon først få høve til å kjøpe denne. Ta kontakt dersom du vil ha meir informasjon.

Private tomter og eigedomar til sals

Her finn du oversikt på moglege ledige tomter på privat grunn og eigedomar til sals. 

Kva kostar tomtene?

Kommunestyret har gjort vedtak om at det er takst som skal leggast iul grunn for pris. Ein arbeider med å komplettere takstgrunnlaget. Ta kontakt for meir informasjon.

Du finn meir om tildeling og sal i Reglement for kjøp, sal og feste av tomter og grunn i Sande kommune (PDF, 2 MB).


Kva kostar det å byggje?

Når du skal byggje bustadhus får du kostnader til:

  • søknad om byggeløyve og ansvarsrettar
  • utstikkingsgebyr
  • tilknyting vatn/avløp

 

Byggekostnadar 2025
Type byggesak Grunnbeløp
Nybygg, einebustad 16610
Gebyr avløp bustadhus - 2025
Tilknytningsavgift Årsgebyr -Bustad under 250m2-abonnement og forbruk Årsgebyr -bustad over 250m2 -abonnement og forbruk Fritidshus
17500 5529 6127 3363
Gebyr vatn - 2025
Tilknytningsavgift Hus under 250m2 - årsgebyr Hus over 250m2 - årsgebyr Fritidsbustad - årsgebyr
18750 8063 9011 4974


Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70