Webinar - kompensasjonsordningar for næringslivet

Webinar - kompensasjonsordningar for næringslivet

pixabay.com  Ulstein næringsforum ynskjer å invitere deg til vårt neste webinar i morgon tysdag 7. april kl. 11

På webinaret skal vi prøve å gi deg ei kokebokoppskrift på korleis navigere i den nye kompensasjonsordninga, og kva di bedrift må klargjere til ordninga opnar 17. april. I tillegg vil vi vise korleis du kan søke på lånegarantiordningane, og det vert orientert om midlar for kompetansehevande tiltak.

Innleiarar

  • Sigrun Heltne Vartdal, SpareBank1 Søre Sunnmøre
  • Roberto Bjøringsøy og Espen Rekkedal, Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS
  • Anders Norvald Hammer og Oddvor Hovden, NAV Hareid-Ulstein-Sande
  • Øyvind Tveten, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Daniel Garden, dagleg leiar Ulstein Næringsforum

 

Webinaret er gratis og ope for alle. Meld deg på via denne lenka: https://www.ulstein-nf.no/arrangement/webinar/

Vi håper vi «sjåast» på webinaret😊

Med ynskjer om ein god måndag!