Vil du vite meir?

Vil du vite meir?

Anne-Siv Hauge Ja, om kva folk har svara i innbyggarundersøkinga som vart gjennomført for eit par veker sidan. Nesten 800 personar har svara på heile undersøkinga. I tillegg har vi delsvar frå kring 300. Dette er eit resultat vi kan vere stolte av!

Det er kome inn svar frå alle bygdene- med fin fordeling etter folketalet. 46% av svara kjem frå menn og 54%  frå kvinner.

Vi har også fått ein del svar frå både tilflyttarar og hyttefolk, som det skal bli artig å sjå nærmare på. 10% av respondentane er ikkje fødde i Noreg, 2% har svara på polsk og 1% på litauisk.

 

Kva meiner sandssokningen?

Svært mange har også nytta høvet til å kome med kommentarar på ulike element i undersøkinga, dei må no systematiserast og samordnast saman med resten av materialet. Dette arbeidet vil fregå gjennom sommarferien, og vi håper å kunne presentere nokre resultat til politikarane tidleg på hausten.

 

Smakebitar frå undersøkinga

Ein liten smakebit frå undersøkinga kan vere berekraftsmåla. Når ein ser på totalen, så ser ein at nokre mål utmerkar seg: 

God helse og livskvalitet; 71% har kryssa for dette

God utdanning; 38%

Livet i havet: 36%

Reint vatn og gode sanitærforhold: 34%

Anstendig arbeid og økonomisk vekst: 32%

Industri, innovasjon og infrastruktur: 32%

Samarbeid for å nå måla: 32%

 

Når ein sorterer desse prioriteringane på alder, så ser ein nokre skilnader.

Dei yngste (13-16 år) har prioritert slik:

God utdanning: 73,2%

Livet i havet: 46,3%

Likestilling mellom kjønna: 36,6%

 

For gruppa unge vaksne (25-34 år) er prioriteringa slik:

God helse og livskvalitet: 65,7%

God utdanning: 42,9%

Likestilling mellom kjønna: 35,7%

Anstendig arbeid og økonomisk vekst: 35,7%

 

Ser ein på pensjonist-gruppa 67-75, er bildet litt annleis:

God helse og livskvalitet: 76,7%

Reint vatn og gode sanitærforhold: 44,2%

Industri, innovasjon og infrastruktur: 40,7%

 

Det ein finn i denne undersøkinga  kan bli satsingar som blir viktige for Sande kommune i åra som kjem.

 

217 av dei som har svart ønskjer å vere med i trekkinga av 5 matkasser med lokalmat. Vi trekkjer vinnarar etter sommarferien.