Vil du vere støttekontakt?

Vil du vere støttekontakt?

Pleie og omsorg har behov for personar som kan vere støttekontakter.  Vi treng personar i ulike aldersgrupper. Du vil få opplæring.

Kva er støttekontakt og kva ligg i ordninga? 

Dersom nokon treng hjelp og assistanse for å kome seg ut til fritidsaktivitet, kulturtilbod eller vere med i sosiale samanhengar kan støttekontakt vere løysinga for personen.

Ei støttekontakt kan vere med å gi ein person ei meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapleg hjelp og rådgjeving.

Støttekontakta kan også følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på ønske, behov og forutsetningar for personen som treng hjelp. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for støttekontakta.

Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.

Vil du vere støttekontakt? 

Då kan du melde deg på dette skjemaet. 

Vi tek kontakt med deg etter kvart for å finne ut om våre behov for støttekontakt-personar samsvarar med dine ønske om arbeidsoppgåver. 

Ta kontakt om du har spørsmål. 

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65