Vil du starte det nye året med trening?

Vil du starte det nye året med trening?

Ønsker du å bli sterkare og stødigare. Er du over 60 år og kan gå utan ganghjelpemiddel inne ? Då er dette tilbodet for deg.

Sterk og stødig - Klikk for stort bilete

Treninga er kvar måndag klokka 14.00 - 15.00 i gymsalen ved Larsnes oppvekstsenter.

«Sterk og stødig» er eit gruppetilbod for seniorar der hovudfokuset er styrke- og balansetrening. Treninga går føre seg sittande på stol, ståande og gåande, med muligheit til å støtte seg på stolryggen. 

Treninga vert leia av fysioterapeut, eller kvalifiserte frivillege instruktørar frå Larsnes helselag. Ein må kome seg til treninga sjølv.

Tilbodet er gratis.

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Kristine Rein: 48893151 

Fride Fuglseth: 90711916 

Ein må ha med innesko, drikkeflaske og ha på seg kle som er lette å bevege seg i.

Høyrest dette ut som noko som kan passe for deg?
 

Då er du hjarteleg velkomen!