Vil du lære å starte og drive bedrift?

Vil du lære å starte og drive bedrift?

Hoppid.no, Altinn og Brønnøysundregistra har informasjonsmøte i Fosnavåg 19.mars.

Samarbeid  - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Har du allereie ei bedrift eller ønsker du å starte ei? Det er nyttig å lære seg dei gjeldande reglane. 

Desse kan du lære meir om på informasjonsmøtet i Fosnavåg. Her vil du få informasjon frå hoppid.no, Brønnøysundregistera og Altinn om tema som det er viktig å tenke på før og under oppstarten – og når du har starta bedrifta di.

Viktige digitale verktøy for etablerarar og nye næringsdrivande vil bli presentert på informasjonsmøtet.

Tid og stad

Stad: Thon Hotel Fosnavåg

Tid: 19. mars klokka 12.30–14.30

Meld deg på ved å sende e-post til robert.voldnes@aakp.no

Program

Lokal gründerhjelp – ved hoppid.no

  • Informasjon om SIVA-systemet, ÅKP og Kulturnæringshagen i Volda, Herøy næringsforum med meir

Kva må du tenke på før og under oppstarten? – ved Brønnøysundregistra

  • Kva opplever brukarane at det er vanskeleg å forstå? 
  • Kvifor er det viktig å planlegge godt?
  • Verktøykassa for å starte og drive bedrift i Altinn, med guidar og rettleiarar

Val av organisasjonsform – ved Brønnøysundregistra 

  • Litt om dei vanlegaste organisasjonsformene og korleis du registrerer

Praktisk bruk av Altinn – ved Digitaliseringsdirektoratet

Kva er det viktig å gjere når du skal drive bedrift – ved Brønnøysundregistra

  • «Starte og drive bedrift» som digital verktøykasse i Altinn – med tilpassa rettleiing og informasjon om å drive aksjeselskap og enkeltpersonføretak
  • Rapporteringsplikter 
  • Skatt og avgift 
  • Bokføring og rekneskap 
  • Andre relevante tema
  • Eventuelle andre tema som dei frammøtte vil ta opp

 

Velkomen!

Kontakt

Oddbjørn Indregård
leiar
E-post
Mobil 97 58 88 11