Vil du bli meddommar eller skjønsmedlem? Ta kontakt med Sande kommune!

Vil du bli meddommar eller skjønsmedlem? Ta kontakt med Sande kommune!

Våren 2024 skal det veljast nye meddommarar for perioden 2025-2028, det vil seie ein periode på fire år. Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettsak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar).

Kommunen skal velje meddommarar til tre ulike utval:

  • Meddommarar til lagmannsretten
  • Meddommarar til tingretten
  • Meddommarar til jordskifteretten

I tillegg skal kommunen fremme forslag til skjønsmedlemar som vert valde av fylkeskommunen. 

Meddommarutvala skal ha ei allsidig og brei samansetting, og meddommarane skal derfor i størst mogleg grad gjenspegle kommunen si befolkning. Det betyr at når ein vel nye meddommarar må ein mellom anna ta omsyn til alder, etnisk bakgrunn og kultur. 

Ein meddommar deltek i om lag 1-3 saker per år. Ei sak kan vare frå ein halv dag til fleire veker. Ein meddommar deltek både i sivile saker og i straffesaker. 

Kven kan bli meddommar?

  • Ein må ha tilstrekkeleg norskkunnskap
  • Vere personleg egna til oppgåva
  • Må ha fylt 21 år og vere under 70 år
  • Ha stemmerett og vere valbar til kommunestyret når perioden startar
  • Norsk eller nordisk statsborgar eller registrert i Folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra
  • Vere lovlydig 
  • Ha godkjent vandel

 

Meddommar og skjønsmedlem - kva inneber det? 

Kva er ein meddommar? | Norges domstoler

Kva er skjønsmedlem? | Norges domstoler 

Video om å vere meddommar: https://youtu.be/Bux9yFjdzic

Her finn du litt praktisk informasjon. 

Meld di interesse eller ta gjerne kontakt med kommunen om du har spørsmål på telefon 70 026700 eller e-post postmottak@sande.kommune.no

Roald, Berit - NTB scanpix