Vil du bli med og bestemme? Bli med i ungdomsrådet - det er kjekt og lærerikt!

Vil du bli med og bestemme? Bli med i ungdomsrådet - det er kjekt og lærerikt!

Klimakonferanse - Klikk for stort bileteKlimakonferanse

Det skal veljast nye medlemmer til Ungdomsrådet og er du under 19 år kan du melde deg som kandidat til valget. 

Vil du vere med å påverke slik at Sande kommune skal vere ei god kommune for barn og unge å bu og vekse opp i?

Ungdomsrådet er eit rådgjevande organ som kan vere med å påverke forhold i kommunen. Alle saker som gjeld ungdom skal leggast fram for ungdomsrådet, og ungdomsrådet kan også ta opp saker på eige initiativ.

Føremålet er at ungdomsrådet skal vere med å påvirke i saker som gjeld ungdom. Som medlem i ungdomsrådet representerer ein andre ungdommar i kommunen.

Ungdomsråd er fellesskap

"Ungdomsrådet er med på å skape eit fellesskap for ungdom som er interessert i politikk. Ungdommar har rett til å meine noko i eit val som blir tatt. Som medlem i ungdomsrådet kan vi ha ei meining som skal bli tatt på alvor, og som kan påverke endringar som skal skje i ei kommune. Det er difor veldig meiningsfullt og lærerikt å vere med i ungdomsrådet", seier ein tidlegare leiar i ungdomsrådet i Sande. 

Ungdomsrådet i Sande

er sett saman av 10 medlemmar, og det skal no gjennomførast val av nye representantar.

Medlemmane vert valt inn for to år, og skal ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.

Kan du tenkje deg å vere med i ungdomsrådet -  ta kontakt med Elin Almestad på telefon 47377895 eller kommuna på e-post eller telefon 70026700 .