Vil du bli den nye Stikk UT! - kunstnaren?

Vil du bli den nye Stikk UT! - kunstnaren?

Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal søker etter ny kunstnar til årets Stikk UT!-krus og -skåler. Tidlegare har Arne Nøst og Signe Louise Aasen dekorert Stikk UT!- krusa og -skålene. No vil dei overbringe stafettpinnen til ein ny kunstnar.

Utlysning konkurranse - Klikk for stort bilete Stikk UT!

Jobben er ikkje veldig godt betalt, men det når ut til eit stort publikum. I 2023 hadde Stikk UT! 40 000 deltakarar der alle som hadde gått sju turar eller meir kunne bestille krus i premie til seg sjølv. Dei sel omtrent 3 000 krus og 2 000 skåler i året. Det er håp om å få presentert årets motiv og kunstar på Stikk UT!-kartet som sendast ut til alle husstandar i Møre og Romsdal. Det gjer at frist for innsending blir 15. mars. For den kunstnaren som blir valt ut, er det høve til forlenging.

Om motivet og kunstnaren: 

- Konkurransen er open for både profesjonelle kunstnarar og amatørar 

- Motivet skal vere relatert til friluftsliv 

- Motivet må kunne overførst til trykk på porselen

 Slik deltek du

 - Last ned mal frå Porsgrund porselen: skål og krus

 - Teikne inn ditt forslag til motiv, bruk 2-3 fargar.

 - Send inn saman med en kort presentasjon av deg sjøv til liv@stikkut.no

 - Innsendingsfrist 15. mars

Utvelging og premie

Ei prosjektgruppe som består av Stikk UT! -ansvarlege i friluftsråda, samt to Stikk UT!- kontakter frå kommunane vel ut motiv/ kandidat som skal lage årets motiv. Kunstnaren som blir valt mottek kr 10 000 i honorar for arbeidet i 2024.

Kontaktinformasjon Liv@stikkut.no tlf.nr. 936 85 408

Stikk UT - Klikk for stort bilete Stikk UT!