Vi vil gjerne vise fram Sande

Vi vil gjerne vise fram Sande

 Vil du ha vind i luggen kan du overnatte her på Sandsøya.

Destinasjon Sunnmøre & Ålesund vil gjerne at akkurat du viser fram den flotte regionen vår, og då sender vi i Sande kommune ut ei ekstra oppfordring om å vise fram kva fantastiske Sande har å by på.

 

Om du er på instagram, bruk gjerne hash-taggen #visitalesund eller med @visitalesund, som er namnet på profilen til Destinasjon Sunnmøre & Ålesund. Då vert det enklare for dei å dele det flotte fotoet du har teke.

Hittil har Destinasjon Sunnmøre & Ålesund vore inne og spurt på enkeltpostar når dei kjem over noko dei gjerne vil dele. Dette kjem dei sjølvsagt til å gjere når det gjeld menneske, og born spesielt, som kan identifiserast på bileta. Brukar du likevel hash-taggane på fine naturbilete utan identifiserbare menneske, vil dei tolke det som eit løyve om at dei får lov til å dele vidare.

Les gjerne meir om Destinasjon Sunnmøre & Ålesund her.