Vi treng deg i helse- og omsorgstenestene Har du helsefagleg utdanning og/eller erfaring, men jobbar med anna i dag? Då ønsker vi å høyre frå deg. I første omgang er det oversikta vi treng. Derfor ber vi om at du tek kontakt. Skulle vi kome i ein situasjon der vi manglar folk, vil vi ta kontakt med deg. Vi er ute etter alle med helsefagleg erfaring. Dersom du er i tvil, registrer deg, så gjer vi dei naudsynte vurderingane. Vi vil ha opplysningar om utdanning og arbeidserfaring. Du kan registrere deg her eller ringe 70026700 Og sjå her: Her kan du heilt gratis få eit e-læringskurs i smittevern som Helse Midt Norge tilbyd alle som er interessert (PDF, 181 kB) Publisert av Elin Rokstad Publisert 16.03.2020 08:58 Sist endra 19.01.2023 12:11