Vi søker ferievikarar i teknisk sektor

Vi søker ferievikarar i teknisk sektor

Trivst du med praktisk arbeid og likar du å arbeide ute? Då har vi sommarjobben for deg.

Trivst du med arbeid ute på sommaren - Klikk for stort bilete Adobe Stock

 

Sande kommune søker ferievikarar i teknisk sektor i tidsrommet 01.05.2024 - 30.09.2024. Vi søker arbeidsam ungdom som kan tenke seg ein aktiv og lærerik sommarjobb! I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og når du eventuelt treng fri i sommar. Du må vere 18 år.

Sektoren har ansvar for vedlikehald av kommunen sine eigendomar og arbeidsoppgåvene vil vere knytt til dette. 

 

Arbeidsoppgåver

  • vedlikehald av grøntanlegg, til dømes plenslått og rydding
  • andre førefallande oppgåver

Kvalifikasjonar

Søkjarar må være over 18 år og ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar

Du må vere positiv, arbeidsam og sjølvstendig.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.

 

Link til annonsen finn du her

Kontakt

Kjell Hauge
ingeniør
E-post
Mobil 99 57 97 16