Vedtak om dispensasjon frå reguleringsplan – Larsneset

Vedtak om dispensasjon frå reguleringsplan – Larsneset


Jarle Gunnarstein  Formannskapet vedtok dispensasjon frå reguleringsplan - noko som kan gi utvida område for hamneaktivitetar i tida framover.  

Formannskapet var tidlegare på synfaring hos Larsnes Mek verkstad A/S og fekk orientering om planane her.  Verftet skal opparbeide overbygd tørrdokk og elles fornye mykje av bygningsmassa.  I samband med dette vert det mykje overskotsmasse (ca 35 000 kbm) som kan nyttast i nærområdet.  Samla investeringar for verftet er på omlag 250 mill kr.


Formannskapet gjorde etter synfaringa vedtak i mai 2021 om få vurdert alternative plasseringar av denne overskotsmassa.  Administrasjonen har utgreidd dette og kome fram til at utfylling på Larsneset - sjå kartskissa ovanfor  -  kan vere eit godt alternativ.

 

For å kome vidare med dette må det dispenserast frå gjeldande reguleringsplan noko som vart vedteke på siste formannskapsmøte 25.februar i sak 21 /726 - Utfylling i sjø - Larsneseet  - Rønnebergplassen 21  - Gnr 87 Bnr 23. Saka har i forkant vore på høyring hos eksterne mynde og innspela frå desse låg føre til det aktuelle formannskapsmøtet.