Vassbrot i Gjerdsvika

Vassbrot i Gjerdsvika

Oppdatering kl 22.00:

Feilen er lokalisert og gravemaskin er på veg. Det vert jobba med å utbedre feilen utover natta og vi vonar alle har vatn i kranene sin snart. 

 

Oppdatering kl 21.00:

Det har i ettermiddag, fredag 14.07 oppstått brot på vassleidninga i Gjerdsvika. Brotet er lokalisert til området mellom Coop og nedkøyringa til nordre molo. Eksakt kvar problemet ligg har ein ikkje funne ut endå, men teknisk etat driv lekkasjesøking i området.

Abonnentar i Haugsbygda og Gursken vert ikkje råka av dette brotet, og vil ha normalt vatn i kranene. 

 

Melding om brot på vassleidning i Gjerdsvika, kl 19.00:
Abonnentar i Gjerdsvika, Haugsbygda/Gurskener utan vatn. 
Det pågår lekkasjesøking, vi har ikkje funne feilen endå. Lekkasjesøkinga vil fortsette utover kvelden og natta til feilen er lokalisert.
Vi kjem med oppdatering så snart vi veit noko meir.