Vårteljing av hjort

Vårteljing av hjort

Det vert vår-teljing av hjort natt til laurdag 20. april og natt til laurdag 4. mai.

Pixabay

Teljingane går føre seg frå midnatt og fram mot kl. 06.00 i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta, Sykkylven og Stranda. Teljingane vert organisert lokalt i kvar kommune.

Kraftig lys
Teljingane vert utført med systematisk søk over all dyrkamark. Under teljinga vert det brukt kraftig lys (og termiske kikkertar), så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljingane er med på å gi eit godt faktagrunnlag for korleis ein skal forvalte hjortestamma på Sunnmøre.

Samla resultat av teljingane vert publisert på kommunane sine heimeside.