Varsel om redusert vassforsyning i Gjerdsvika

Varsel om redusert vassforsyning i Gjerdsvika

Tussa Energi skal gjennomføre utbetringsarbeid i inntakstunnelen for kraftverket i Gjerdsvika.  Dette inneber at den kommunale vassforsyninga ikkje får fylling frå fredag 19 nov kl 10.

Vassabonnentane i Gjerdsvika må frå fredag 19 nov kl 10 redusere forbruket til eit absolutt minimum.  Det er planlagt arbeid fram mot søndagen.

Dersom høgdebassenget går tomt vil det verte etablert tappepunkt på kommunal pumpestasjon på Muren

Teknisk sektor