Vaksineringsdag i Sande

Vaksineringsdag i Sande

Det er snart tid for vaksinering. Du kan ta influensavaksine og koronavaksine på same dag. Det er oppsett fleire dagar for vaksinering. 

Passar ikkje dei oppsette dagane kan du kome innom Sande legesenter 8.november mellom klokka 13.30 - 14.30. Inga påmelding.

På dei oppsette datoane nedanfor vil det også vere koronavaksiner tilgjengeleg.

I følgje FHI kan ein ta influensavaksine og koronavaksine samtidig.

 

Tid og stad 

Kvamsøy     Høgtun       24. oktober       kl 11.00 – 13.00

Sandsøy      Dollstun      7. november      kl 11.00 – 13.00

Gjerdsvika  Breidablik  31. oktober         kl  10.00 -11.00

Gursken      Breidablik   31. oktober         kl 11.00 -12.30

Larsnes       Breidablik   31. oktober         kl 13.00 -15.00

Passar ikkje dei oppsette dagane kan du kome innom Sande legesenter 8.november mellom klokka 13.30 - 14.30. Inga påmelding.

-Ingen påmelding – alle over 65 år og dei som er i risikogruppene kan møte!

 

 

Prisar 

Influensavaksine : 200 kroner

Koronavaksine : Gratis 

Du betaler med kort eller kontant når du møter til vaksinasjon.

Passar ikkje datoane kan du få influensavaksine hjå fastlegen din. Hos fastlegen må du betale eigenandel i tillegg til sjølve vaksinekostnaden dersom du ikkje har frikort.

 

Kven bør ta influensavaksine ? 

Om du høyrer til i ei av desse gruppene, tilrår FHI at du tek vaksine mot influensa : 

  • Alle frå fylte 65 år 
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke ( 2. og 3. trimester), og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet frå 5 mnd til 5 år
  • Barn og vaksne med :   
  1. Diabetes type 1 og 2            
  2. Kronisk lufvegssjukdom, hjarte og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt 
  3. Kronisk nevrologisk sjukdom eller skadeNedsett immunforsvar
  4. Svært alvorleg fedme ( KMI/BMI over 40)             
  5. Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter    individuell vurdering av lege.

 

I tillegg tilrår FHI influensavaksine til : 

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nør kontakt med pasientar
  • Personar som bur saman med ( eller er tilsvarande nære immunsupprimerte) 
  • Svinerøkterar og andre som har nær kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som arbeidar med mistenkt eller bekrefa influensasjuk tamfugl

 

 Les meir på FHI si side her 

På Breidablik vil - tradisjonen tru - Larsnes helselag vere med og hjelpe til og syte for enkel servering! På førehand takk til dei som alltid stiller opp!