foto: Pexels
Som alle har merka har det vore ein del vind og nedbør i helga.
Uveret har ført til at ein del tre har falle over både kommune- og fylkesvegar. Desse forholda vart raskt rydda opp i.
Nedbøren har ført til at eit hus på Kvamsøy har fått vatn i kjellaren og det har vore litt problematikk rundt overflatevatn ved Elvebakken bustadar.
Teknisk eining har ikkje fått andre meldingar om skader på kommunale bygg.
Det er elles lurt å reinske sluk på og rundt eigen eigedom slik at ein kan førebygge eventuelle skader utover hausten.
Publisert av Elin Rokstad
Publisert 16.09.2019 10:18
Sist endra 16.09.2019 10:18