Utmerking til tidlegare kommunestyrerepresentantar

Utmerking til tidlegare kommunestyrerepresentantar

Etter det nye politiske reglementet for Sande kommune skal kommunestyre-representantar med lang tenestetid få utmerkingar frå Sande kommune. På kommunestyremøtet 12.desember delte ordføraren ut både KS sitt heidermerke og kommunen sitt sølvmerke.

tidlegare kommunstyre-representantar - Klikk for stort bileteBak frå venstre: ordførar Dag Vaagen, Kåre Fjørtoft, Einar Ekroll, Arnljot Muren, Åge Sandvik, Bjørn Flatøy, Jon Garen, Jostein Gurskevik, Asbjørn Vorren, Per Arne Lillebø, Peter Muren, Einar Ekroll (varaordførar som har fått utmerking tidlegare) i bakgrunnen, Ivar Slettevoll, Kjell Martin Vikene. Sitande framme frå venstre: Lidvar Muren, Jakob Strand og Magne Vik Arset. Sande kommune

Reglementet har tilbakeverkande kraft og det var tidlegare representantar som fekk utdelt merksemder denne gongen. Her er dei fleste av dei inviterte representantane samla på eit felles bilde etter utmerkingane.

Alle fekk utdelt kommunen sitt sølvmerke. I tillegg fekk Kjell Martin Vikene  og Per Arne Lillebø  KS sitt heidersmerke etter minst 24 år med tenestetid. 

Det var også nokre tidlegare kommunestyre-representantar som ikkje hadde høve til å møte og som vil få utmerkinga ved anna høve: Inge Bringsvor, Johan Jarle Kvamme, Helge Støylen, Mathias Hogne Gjerde  og Gjertrud Vik.