UKM utsett til 17. april

UKM utsett til 17. april

Den digitale UKM-sendinga er utsett til 17. april, men det blir ei knallbra UKM-sending!

For å få litt meir tid til planlegging, gjennomføring og innspeling av innslaga som skal vere med, utset vi datoen for den digitale framsyninga av UKM.

-Vi har fått mange påmeldingar i ulike kategoriar, seier kulturskulerektor Susann Worren Hauge, så dette blir superspennande!

Sjølv om det er trasig at vi ikkje får ha ei vanleg kulturmønstring med publikum og den gode stemninga i salen, så blir dette veldig bra! Det har vi stor tru på - og så lærer vi alle noko nytt når vi må jobbe på nye måtar, seier ein entusiastisk kulturskulerektor.


Dei påmelde vi fortløpande få informasjon frå kontaktpersonane Susann og Elin etter kvart som ny info er klar.  
Spørsmål kan rettast til Susann dersom nokon føler behov for meier informasjon.

Kontakt

Susann Worren Hauge
kulturskulerektor
E-post
Mobil 91 64 36 76
Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95