Her får du servert ein nydeleg miks levert av kreative og talentfulle Sande- ungdommar. Nok ein gong har born og unge i Sande slutta opp om UKM - noko som har resultert i eit variert og spennande program. Nærare 40 aktørar har vore med og skapt innhaldet i året sending. Det har blitt jobba på nye og alternative måtar for å få dette til. Det er berre å ta av seg hatten for ungdom som ikkje let seg stoppe verken av ein pandemi eller anna.
Som alltid har ungdommane bidrege som arrangørar og med 16 flotte sceneinnslag. Det blir ei herleg blanding av musikk, dans, film, kunst, stand-up og mykje meir. Alle deltakarane vil bli presentert i fredagsutgåva av Vestlandsnytt.
Sjølve sendinga skjer frå studio på Breidablik, med digital teknologi og kompetanse du sjeldan har sett maken til. Årets programleiarar blir Olav Beitveit og Mikael Rovde.
GLED DEG!
Helsing Sande ungdomsråd, Elin, Håkon og Susann