Barnehagen var frå 5.november 1990 drive privat av foreldre som stod bak Stiftelsen Haugelia barnehage.
Foreldra hadde avtale om at dei skulle drive i 3 år før kommunen skulle ta over drifta. I 1994 tok Sande kommune over ansvar og drift av barnehagen som då hadde ei avdeling med 18 plassar. Barnehagen har vore utvida fleire gongar og har no plass til 31 barn og 9 tilsette pluss vikarar.
Barnehagen feira 30-årsdagen
4.desember feira Haugelia barnehage jubileumet sitt. Alle borna var ute og dei song gratulerer med dagen til barnehagen. Denne dagen kom også ordføraren på besøk og han fekk helse på Hippo og sjå søppelkunsten som barna har laga.
Olav Myklebust- ordførar - i Haugelia barnehage
Sande kommune
Alle barna song sjølvsagt Haugeliasongen og song og dansa til blekkulfsongen "Bruk hodet". I gåve frå Sparebanken Møre fekk alle barna pose til bruk av skitne/ våte kle. Dette er med å redusere plastforbruket i barnehagen, så det var midt i blinken for barnehagen som jobbar for å vere berekraftig og ha ein god miljøprofil.
Haugelia barnehage før utbygginga
Sande kommune
Vi gratulerer og ynskjer lukke til vidare!