Temaveke på Larsnes oppvekstsenter resulterte i både pengar og kunst - og reinare strender

Temaveke på Larsnes oppvekstsenter resulterte i både pengar og kunst - og reinare strender

Plastkunst 1.klasse Sande kommune  I samband med tv-aksjonen denne hausten har elevane på Larsnes oppvekstsenter  i veka etter haustferien hatt temaveke med fokus på plastforureininga i havet. For skulen er det ein viktig tradsisjon at elevane lærer om og engasjerer seg i dei årlege tv-aksjonane – og i år var fokuset på plastforureininga i havet.

Det er viktig at elevane får lære om korleis plast på avvegar øydelegg for menneske- og dyreliv – og kva vi kan gjere med det. Plasten hamnar på bakken, fer med vatn og vind – og endar ofte opp i havet. Der vert den broten ned i mindre og mindre bitar, men vert kanskje aldri borte.
 

Store delar av tysdagen brukte elevane til å plukke plast og anna søppel langs strendene på Larsnes, og det var ikkje lite rusk og rask dei fann!

Søppelet tok dei med seg tilbake til skulen, og i dagane etter blei søppelet sortert og analysert.

Delar av plasten dei fann, brukte dei til å lage kunst som no heng rundt om på skulen. Elevane hadde også fått litt hjelp av Joanna kontaktlærar til å lage linebøya som er i kommunevåpenet til Sande kommune, og linebøya fylte dei opp med plast som dei hadde funne! Kjempeflott og kreativt!

På torsdag var det skuleløp til inntekt for tv-aksjonen – og elevane hadde eigne sponsorar som var med å sponse elevane for kvar runde dei sprang rundt kunstgrasbana på skulen. Larsnes IL var også med og sponsa med 5 kr for kvar runde elevane ville springe – og alt blei det 3117 runder på alle elevane tilsaman– noko som betyr at elevane sprang inn 15 585 kroner til årets tv-aksjon! Heilt fantastisk god innsats av både elevar og LIL!