Taksering av eigedomar i samband med innføring av eigedomsskatt - Sande kommune

Taksering av eigedomar i samband med innføring av eigedomsskatt

Taksering av eigedomar i samband med innføring av eigedomsskatt

I samband med innføringa av eigedomsskatt er kommunen i gang med taksering av eigedomar som per i dag manglar takstverdi. Arbeidet vert utført av firmaet Verditaksering Kjell Larsen AS på oppdrag frå kommunen.

Frå no og fram mot juni vil damer og menn frå VKL reise rundt i Sande for å gjennomføre takseringane. Takserarane vil vere lett synlege då dei har på seg merka gule vestar, og dei vil til ei kvar tid vere utstyrte med gyldig ID-skilt.

 

Alle eigarar av eigedomar som skal takserast har fått tilsendt brev med informasjon om eigen eigedom og om takseringsarbeidet.

Takseringa vert gjennomført som ei utvendig synfaring, og det er difor ikkje naudsynt at eigar er til stades når takseringa skjer. Takserarane vil ikkje gå inn i bustader eller andre bygg.

 

Som ein del av førebuingane til innføring av eigedomsskatt har dei folkevalde medlemene i sakkunnig nemnd og klagenemnd fått opplæring på rådhuset. Opplæringa har handla om regelverk, takseringsprinsipp og behandling av saker knytt til eigedomsskatt, og skal bidra til ei korrekt, rettferdig og føreseieleg handsaming av ordninga.

 

Kommunen ber om forståing for at takseringsarbeidet kan føre til noko aktivitet i bustadområder i perioden framover. Dersom du har spørsmål om takseringa eller eigedomsskatten finn du meir informasjon her.